Barnehage

For nokre veker sidan hadde Marie første dag i barnehagen/skulen som ho skal jobbe i kvar mandag framover, noko som var ei interessant oppleving. Anniken har ikkje kome i gang med arbeidet sitt enda, så ho var med i barnehagen denne gangen. Marie sin barnehagekarriere starta nokre dagar tidlegare då ho var med Else for å sjå korleis det såg ut der. Sidan det nå var første gangen vår så skulle Else køyre oss for å sjå at alt gjekk greit. Vi vart plassert på kvar vår stol inne i eit klasserom og venta på barna. Ein lærar gjekk rundt og prøvde å samle samen dei barna som skulle vera på vår gruppe, vi veit ikkje sikkert kor gamle dei var, men tipper 2-4 år. Til slutt hadde ho fått samla samen alle barna ho fann og vi kunne starte. Barna var plassert på kvar sin stol (nokre satt to på ein stol pga mangel på stolar) og skulle sitte med armane i ei stilling der dei skal holde på overarmane på motsatt arm (sjå bilete). Læraren sto fremst i klasserommet og ramsa opp ei regle om barnehagen (namn, beliggenhet og kven som er rektor). Her er regla, tatt etter hukommelsen vår fleire veker etterpå, så den er nok ikkje heilt rett.

Mon jarden

Mon jarden s'apelle Djigioua

Il est situé au quartier à Bamaka coraj

Près de l'école Idrissa Azou


Her har vi fått låne yngstejenta til Slettbakk for å illustrere korleis barna i barnehagen må sitte

Etter at læraren hadde sagt dette i ein halvtime eller så så fekk vi beskjed om at vi skulle overta som lærarar. Vi vart instruert i kva vi skulle sei og så var det bare å hoppe i det. Anniken skulle prøve seg først, ho prøvde seg på å sei «mon santé» som betyr «min helse», men vart retta til «noir santé» som betyr «svart helse». Vi syntes begge to at dette var veldig rart, men vi sa det likevell siden det var det vi fekk beskjed om. Så vi sto framfor ca 20 barn og sa «svart helse» om og om igjen i rundt i vertfall 30 minutt. Etterpå fann vi ut at vi sikkert skulle ha sagt den «Mon jarden»-regla som læraren sa, men gjort er gjort og sagt er sagt. Etter dette prøvde læraren å få oss til å undervise i barnelitteratur, men vi kan veldig lite fransk og hadde ikkje fått beskjed om noko på førehand slik at vi kunne forberede oss, så det prøvde vi fortvila å sei at ikkje gjekk, men ho sa mange gongar at vi skulle gjera det før ho innsåg at vi ikkje kom til å gjer det. Så då song ho nokre songar samen med barna. Etter dette kom vi endelig til lunsj! Litt pause og luft tenkte vi (det var VARMT inne i det klasserommet vi hadde vore i heile tida). Men, nei, barna fekk gå ut for å gå på do og etterpå var det inn i klasserommet igjen og sitte på stolane sine og spise matpakken og etter dei var ferdige så var det på'n igjen med å gjenta «Mon jarden». Nå var vi åleine med barna og hadde fått regla skrevet på ei tavle slik at vi visste kva vi skulle sei. Men det å vera åleina med 20 maliske barn når ein ikkje kan så mykje fransk er verkeleg ei utfordring! Til slutt måtte vi gi opp og ein av oss gjekk og henta ein lærar medan den andre passa på at barna ikkje gjekk vekk. Då det var ein halvtime igjen til barna skulle heim begynte læraren å synge saman med dei igjen. Då var vi veldig slitne og gleda oss til å kome heim og spise middag.

 

Førsteinntrykket vårt av barnehagen var at det er ein enorm forskjell frå barnehagane i Noreg. Her satt dei på stolar heile dagen (klokka 8-12) og gjentok etter læraren, og dei yngste barna som satt slik kan ikkje vera eldre enn to år. Det var ingen leiking eller tegning. Medan heime i barnehagane så er det både leik og forming. Her så føltes det meir som om vi var på ein skule enn ein barnehage. Etter denne gongen har vi vore forhindra i å gå på jobb kvar mandag pga sjukdom så vi veit ikkje om det var mindre leik enn vanleg sidan det var oppstartsdagen etter ferien eller om det alltid er slik det er der.

2 kommentarer

May-Teresa

01.nov.2011 kl.21:07

så fin blogg du har! :-)

maria

12.nov.2011 kl.18:21

vanskelig å sjå for seg så små barn sitta heilt i ro så lenge.

rart, men spennande å lesa:)))

Skriv en ny kommentar

Marie og Anniken i Mali

Marie og Anniken i Mali

19, Sola

Vi er ansatt i Det Norske Misjonsselskap (NMS) som ettåringer i Mali. Innholdet på disse sidene er skrevet av oss og representerer ikke nødvendigvis NMS sitt syn eller holdninger.

Kategorier

Arkiv

hits