Barnehage

For nokre veker sidan hadde Marie første dag i barnehagen/skulen som ho skal jobbe i kvar mandag framover, noko som var ei interessant oppleving. Anniken har ikkje kome i gang med arbeidet sitt enda, så ho var med i barnehagen denne gangen. Marie sin barnehagekarriere starta nokre dagar tidlegare då ho var med Else for å sjå korleis det såg ut der. Sidan det nå var første gangen vår så skulle Else køyre oss for å sjå at alt gjekk greit. Vi vart plassert på kvar vår stol inne i eit klasserom og venta på barna. Ein lærar gjekk rundt og prøvde å samle samen dei barna som skulle vera på vår gruppe, vi veit ikkje sikkert kor gamle dei var, men tipper 2-4 år. Til slutt hadde ho fått samla samen alle barna ho fann og vi kunne starte. Barna var plassert på kvar sin stol (nokre satt to på ein stol pga mangel på stolar) og skulle sitte med armane i ei stilling der dei skal holde på overarmane på motsatt arm (sjå bilete). Læraren sto fremst i klasserommet og ramsa opp ei regle om barnehagen (namn, beliggenhet og kven som er rektor). Her er regla, tatt etter hukommelsen vår fleire veker etterpå, så den er nok ikkje heilt rett.

Mon jarden

Mon jarden s'apelle Djigioua

Il est situé au quartier à Bamaka coraj

Près de l'école Idrissa Azou


Her har vi fått låne yngstejenta til Slettbakk for å illustrere korleis barna i barnehagen må sitte

Etter at læraren hadde sagt dette i ein halvtime eller så så fekk vi beskjed om at vi skulle overta som lærarar. Vi vart instruert i kva vi skulle sei og så var det bare å hoppe i det. Anniken skulle prøve seg først, ho prøvde seg på å sei «mon santé» som betyr «min helse», men vart retta til «noir santé» som betyr «svart helse». Vi syntes begge to at dette var veldig rart, men vi sa det likevell siden det var det vi fekk beskjed om. Så vi sto framfor ca 20 barn og sa «svart helse» om og om igjen i rundt i vertfall 30 minutt. Etterpå fann vi ut at vi sikkert skulle ha sagt den «Mon jarden»-regla som læraren sa, men gjort er gjort og sagt er sagt. Etter dette prøvde læraren å få oss til å undervise i barnelitteratur, men vi kan veldig lite fransk og hadde ikkje fått beskjed om noko på førehand slik at vi kunne forberede oss, så det prøvde vi fortvila å sei at ikkje gjekk, men ho sa mange gongar at vi skulle gjera det før ho innsåg at vi ikkje kom til å gjer det. Så då song ho nokre songar samen med barna. Etter dette kom vi endelig til lunsj! Litt pause og luft tenkte vi (det var VARMT inne i det klasserommet vi hadde vore i heile tida). Men, nei, barna fekk gå ut for å gå på do og etterpå var det inn i klasserommet igjen og sitte på stolane sine og spise matpakken og etter dei var ferdige så var det på'n igjen med å gjenta «Mon jarden». Nå var vi åleine med barna og hadde fått regla skrevet på ei tavle slik at vi visste kva vi skulle sei. Men det å vera åleina med 20 maliske barn når ein ikkje kan så mykje fransk er verkeleg ei utfordring! Til slutt måtte vi gi opp og ein av oss gjekk og henta ein lærar medan den andre passa på at barna ikkje gjekk vekk. Då det var ein halvtime igjen til barna skulle heim begynte læraren å synge saman med dei igjen. Då var vi veldig slitne og gleda oss til å kome heim og spise middag.

 

Førsteinntrykket vårt av barnehagen var at det er ein enorm forskjell frå barnehagane i Noreg. Her satt dei på stolar heile dagen (klokka 8-12) og gjentok etter læraren, og dei yngste barna som satt slik kan ikkje vera eldre enn to år. Det var ingen leiking eller tegning. Medan heime i barnehagane så er det både leik og forming. Her så føltes det meir som om vi var på ein skule enn ein barnehage. Etter denne gongen har vi vore forhindra i å gå på jobb kvar mandag pga sjukdom så vi veit ikkje om det var mindre leik enn vanleg sidan det var oppstartsdagen etter ferien eller om det alltid er slik det er der.

Litt kvardagsliv

 

For nokre veker sidan var det innføringskurs for alle nye misjonærar her. Her vart vi sett inn i diverse reglar, kva organisasjonen gjer her og litt om Mali. Ein av tinga vi fekk høyra om er omsetjingsarbeidet av biblar som dei jobbar med her. Og i forbindelse med dette fekk vi kvar vår bibel på fulani. Så no byrjar vi å få ein fin samling med biblar her; to på norsk, to på fulani og ein på fransk (som vi har fått låne av Else). Så dersom nokon ønsker å lesa bibelen på nokre uforståelege språk så er de hjerteleg velkommen!

Størsteparten av bibelsamlinga vår.

 

 

For nokre dagar sidan var vi for første gang på besøk ute i ein landsby. Vi hadde bruk for å kjøpe oss stoff og få sydd oss litt meir kler, så Maria tok oss med til det vekentlege markedet i Fatoma, som ligg ikkje så langt frå Sévaré. Her fekk vi kjøpt oss kvar vår ferdigsydde drakt og stoff til kvart vårt skjørt. Vi var også innom ein lokal familie, men sidan vi ikkje forstår noko av det som vert sagt så satt vi berre på ei matte på bakken og smilte. Det å vera på markedet var veldig overveldande, for det var masse folk og dyr, trangt, og mange barn som fulgte etter oss sidan vi er «kvite». Men det var likevell ei kjekk oppleving.

 

Mia, Marie, Petter og Anniken på veg heim frå markedet.

Fransken vår går det så som så med. Det går framover, men ikkje så raskt som vi kunne ha håpa. Tidlegare har vi hatt all franskundervisning saman, men no har vi delt oss i to slik at begge kan få undervisninga meir tilpassa sitt eige nivå. Ein av dei siste timane vi hadde saman så hadde vi litt tid igjen etter at vi hadde gått gjennom det stoffet vi skulle, så då bestemte vi oss for å lære læraren vår Ligretto! Så då måtte vi forklare reglar og korleis spelet funkar på fransk. Men han forstod, og vi fekk ei veldig kjekk avslutting på timen den dagen. Etterpå lærte han oss eit kortspel som var ei blanding mellom «battle of Corsica» og «Krig».


Abidine og Marie spelar kort.

Kvar fredag ettermiddag har vi norske misjonærbarn på besøk i nokre timar. Dette er noko vi syns er kjekt, og vi liker å tru at barna og likar det. Denne tida bruker vi til å herje saman og å sjå film, men det er ikkje alltid like lett å få fem barn i alderen 3-8 år til å bli einige om kva flim dei vil sjå! Likevell så vert dei alltid fornøgde til slutt, når filmen kjem i gang.

Her er barna oppslukt av Alvin og gjengen 2 med kvar si grovskjeve som "snop" til filmen.



Det er utrulig kor kjekt eit balansebrett kan vera for ein 3-åring!

Vårt førsteinntrykk

 

No har vi vore tre veker her i Mali og vi begynner å føle at leilegheita vår liknar litt på ein heim. Vi held framleis på å læra fransk, to timar fem dagar i veka med ein malisk mann og to timar tre dagar i veka med Matthew. Så no har vi (eller, eg) lært litt meir fransk enn det vi kunne då vi reiste frå Noreg. Anniken har allereie hatt fem år med fransk på skulen, så for ho er det for det meste repetisjon.

 

I løpet av den tida vi har vore her så har det skjedd store forbetringar av standaren på leilegheita vår. Vi har fått installert air-condition i stova og i går kom det nokon og bytta ut dei siste vindauga våre. Då vi kom var nemleg dei fleste vindauga våre sprekker i. Det har og vore ein mann her og høvla litt på dørene våre, for mange av dørene har utvida seg så mykje at dei var umoglege å få lukka skikkeleg att. Anniken sitt skap var låst, og nøklane borte, då vi kom, men det er og fiksa.

 

Vi har fått oss ein «venn»! Vi veit ikkje kva han heiter, men han driver ei bod der han sel diverse daglegvarer som brød, vatn, brus og kjeks. Den boda han jobbar i har vi døypt til «tre til venstre», ganske enkelt fordi at for å komme frå oss til han så må vi gå til venstre tre gongar. Mannen har dermed fått det beskrivande namnet tre-til-venstre-mannen. Vi er litt usikre på kven av oss som syns det er kjekkast når vi kjem for å handle noko, om det er han eller oss. Han virker iallefall som om han har det morosamt når vi kjem, han smiler og ler heile tida frå han ser oss og til vi er ferdige å handla og skal gå. Det er forsåvidt ikkje så løye at han syns at det er morosamt når vi kjem, for vi har ikkje verdens største ordforråd på fransk, og han kan ingenting engelsk. Men ved hjelp av peiking og Anniken sitt ordforråd så klarer vi å gjera oss forstått. Det store problemet kjem først når vi skal betale, sidan det ikkje er så vanleg for oss å tenke så store summar. Her ender vi oftast opp på ein sum mellom 2000 og 5000 franc kvar gong vi er i «tre til venstre», heldigvis har mannen ein kalkulator. Så han tastar inn summen og viser den til oss, og slik forstår vi kor mykje vi skal betale.

Tre-til-venstre-mannen inni boda si. Vi måtte spørre Matthew ein fransktime om korleis ein seier "Kan eg få ta eit bilete av deg og legge det ut på bloggen min på internett?"

 

Vi har ein historie til som vi må fortelja. Det er om noko som hende her ein kveld rett etter vi hadde spist middag/kvelds. Det banka på døra, og utanfor stod dei ei dame som vi ikkje kunne hugse å ha sett før. Men sidan det er så mykje nye folk rundt oss heile tida, så opna vi døra og dama smatt innanfor nesten før vi hadde fått opna den heilt opp. Vi vart litt satt ut og visste ikkje kva vi skulle gjera. Og ikkje berre kom ho inn nesten før vi hadde sagt hei, men plutselig så hadde ho tatt av barnet som ho bar på ryggen og hadde sett seg ned i ein stol og spurte om å få vatn. Vi visste ikkje kva vi skulle gjera, så vi fann eit glas med vatn til ho. Så sa ho at vi måtte koma og setja oss ved bordet med ho, for ho måtte snakka med oss. Ho hadde nemlig eit problem! Så ho var komen til misjonsorganisasjonen vi jobbar for for å snakke med nokon kvite. Ho spurte oss gang på gang om kor foreldra våre var, eller om det budde nokon andre saman med oss. Det virka som om ho ikkje heilt forstod at vi bur heilt åleine. Vi hadde ingen aning om kva vi skulle gjera med denne dama. Det enda med at vi ringte til sjefen vår og spurte om råd. Då fekk vi beskjed om å sei til ho at ho kunne koma tilbake neste dag, når det var lyst, og då skulle ho få snakke med ho. Men då vi sa det til dama så byrja ho å mase om å få telefonnummera våre, for ho meinte at vaktane ikkje kom til å sleppa ho inn neste dag. Vi sa at vi ikkje ville gi bort nummera våre, og dette godtok ho tilslutt motvillig. Så då spurte ho heller om vi hadde litt «lunsj» som ho kunne få, og vi gav ho litt brød.

 

Til tross for ein litt trøblete start så har vi funne oss til rette, og har det fint her. Varmen kan bli litt i meste laget når det nærmar seg 40 grader, men det går som regel greit.


Velkommen til min blogg!

Dette er den første posten på min nye blogg ;)

Les mer i arkivet » November 2011 » September 2011
Marie og Anniken i Mali

Marie og Anniken i Mali

19, Sola

Vi er ansatt i Det Norske Misjonsselskap (NMS) som ettåringer i Mali. Innholdet på disse sidene er skrevet av oss og representerer ikke nødvendigvis NMS sitt syn eller holdninger.

Kategorier

Arkiv

Siste innlegg

Siste kommentarer

Lenker

hits